Vakker utsikt

Som namnet på løpet indikerer, er løypa ei mil lang og går mellom Rivedal i Askvoll kommune og Dale sentrum i Fjaler kommune. Den byr på flott utsikt av fjord og fjell og er såleis medrivande. Det er ikkje keisamt å springe her.

Arnarsonmila utsikt dalsfjorden

Klassisk vestlandsveg

Turen kan vere litt utfordrande ved at det er ein del del elevasjonvariasjon, i tillegg inneheld den ikkje mindre enn fem tunnelar. Løypa representerer med andre ord ein ekte vestlandsveg.

Stigningsprofil Arnarsonmila

Starten av løypa

Løpet startar på Liset i Rivedal, like før Arnarsonstatua. Under den første kilometeren går løypa i slak nedoverbakke inn til Hylset. Herifrå er det stigning i ca. 400 m inn i Dalen, før det går litt ned igjen mot Eikenes. Frå krysset på Eikenes stiger det igjen før det berer inn i Dalsfjordtunnelen på nedstigning. Dalsfjordtunnelen er 500 m lang og endar opp i dumpa av bakken på Eikenesberget.

arnarsonmila 2017 rivedal

Syre

No er det litt opp og ned før ein entrar løypas lengste bakke. Har ikkje melkesyra komt før, så kjem ho no. Denne motbakken er 900 m lang og går opp til Lyngberget, som er det høgste punktet på turen og ca. halvvegs. Men nyt utsikta raskt, for det er ikkje lenge før det går ned igjen.

Løype arnarsonmila dalsfjorden

Dalsfjordbrua

I enden av bakken entrar ein Ottersteintunnelen som er heile 1953 m lang, har ei slak stigning og endar opp på Dalsfjordbrua. Dalsfjordbrua er ei hengebru med eit spenn på 523 m. Her anbefalast det å vende hovudet ca. 90° mot venstre, då kan ein fange opp eit spektakulert syn av rennande vatn ned ei 135 m høg fjellside og vidare ut i fjorden. Her renner nemleg Laukelandsfossen. Og i bakkant, ja der er Laukelandshesten (678 m o.h.). Frå Dalsfjordbrua har ein også fin utsikt mot Dale i sørvest. vi er inne i siste innspurt av løpet.   

Siste innspurt 

I enden av Dalsfjorbrua skal ein ikkje inn i Nishammartunnelen, men ta av vegen til venstre og opp ein bratt og kort bakke. Ein skal no igjennom tre koselege tunnelar, samstundes som ein er på nedstigning. Etter siste tunnel er det under 1 km igjen av mila så her er det berre å sette i gang med sprinten.

Arnarsonmila målgang

Kartoversikt

Oversiktskart Arnarsonmila.