Prisar

 

 

Påmelding og betaling før 15.05.2024 250,- NOK
Påmelding og betaling før 14.06.2024, kl. 18 300,- NOK
Påmelding etter 14.06.2023, kl. 18, og på sjølve løpsdagen 350,- NOK
Stafett 1000,- NOK
Barneløp eit smil 🙂

 

Før løpet / registrering

Registrering startar i Holmedal klokka 09:00. Dette skjer ved Holmedal Bygdehus, som ligg like ved Holmedal kyrkje. Her vil Holmedal Ungdomslag registrere alle som skal delta, uavhengig om ein har meldt seg på i forkant eller ynskjer å melde seg på på sjølve løpsdagen. For dei som vil melde seg på laurdag 15. juni vil det vere mogleg å betale med kontant eller med Vipps. Det er ikkje mogeleg å betale med betalingskort.

Ved registrering vil dykk få utdelt deltakartskjorte som de kan springe med dersom det er ønskeleg. I tillegg får de utdelt tidtakarbrikke, refleksband og startnummer. Det er viktig at alle tar på seg begge refleksbanda.

Det vil gå buss frå Holmedal til Rivedal. Det er satt opp to tider. Første buss går 10:25, og siste buss går 10:40. Dette er førehandsette tider og det er viktig at alle stiller i tide slik at starten kan gå som planlagt, klokka 11. Det vil vere mogleg å legge igjen bag eller sekk i bussen under løpet. Bussen vil køyre vidare til Dale når løpet er i gang. Ved ankomst Rivedal vil det bli henvist til plass der løparane må stå for å gjere siste førebuingar til løpet. Ved start blir alle løparane henvist til start.

Vi ønsker å presisere at løparane må springe på venstre side av vegen!

busstransport arnarsonmila - firda billag

 

Under løpet

Trafikken vil bli stoppa av politiet ved start av løpet, men når starten har gått vil trafikken gå som normalt igjen. 

Arnarsonmila - politiet er til stades

For å forhindre stor fart (på bilane vel og merke) har vi satt opp vakter langs heile løypa og desse vil bli utstyrt med refleksvestar og skilt med ”Løp pågår”/”Køyr Varsamt” på. 

løp pågår, køyr varsamt - arnarsonmila

Løpstraseen er lagt på venstre side av vegen heilt inn til Dale og det er viktig at løparane spring på denne sida, det vil sei følge vanlege trafikkreglar. Det er satt opp ein drikkestasjon omtrent halvvegs i løpet, her kan alle løparar forsyne seg med saft og/eller vatn. Denne vil også ligge på venstre side av vegen.

drikkestasjon arnarsonmila

Det vil stå km-merking langs løypa. 

5 km arnarsonmilaNår ein har passert Dalsfjordbrua går løpet vidare opp til dei gamle tunnelane (venstre side av tunnellinngang etter Dalsfjordbrua). Det vil sei at løpet går IKKJE gjennom Nishammartunnelen (den nye tunnelen med rundkøyringa). Her vil det stå både vakter og politi for å veilede løparane opp til dei gamle tunnelane. Men vi ber alle løparane vere obs på dette. Vidare går løypa ned til Dale og målgang. Her står det folk som viser veg. Kan nemne at etter dei gamle tunnelane vil løparane bli vist ned til hovudvegen igjen der det er strake strekka ned til mål.

Etter løpet

Ved mål vil det bli utdelt frukt og drikke for alle løparane. Klokka 13:00 vil det bli premieutdeling til 1-3. plass for kvinneklassen og herreklassen. Det vil bli moglegheit for å dusje i Fjalerhallen i etterkant av løpet. Her er det satt av to garderobar, ein herregarderobe og ein damegarderobe. Desse vil vere open til klokka 14:00. Bussen tilbake til Holmedal vil gå 14:00 frå baksida av Firda Billag.

Arnarsonmila frukt og saft

premieutdeling arnarsonmila

premieutdeling arnarsonmila

Oppsummering av tidspunkt

09.00

Registrering opnar i Holmedal ungdomshus

10.25

Første buss til Rivedal

10.40

Andre buss til Rivedal

11.00

Løpet startar

13.15

Premieutdeling ved scena i Dale sentrum

14.00

Garderobar i Fjalerhallen stenger

14.00

Buss tilbake til Holmedal