Arnarsonstafetten

Stafetten gjer det mogleg for utøvarar å samlast på eit lag for så å dele distansen mellom seg. Kvart lag skal bestå av fem 5 deltakarar.

Bussen vil ta med stafettutøvarane innover fjorden og sette dei av ved dei ulike vekslingspunkta. Deltakarane som vert ståande igjen etter fullført etappe vil etter kvart verte plukka opp av bussen igjen og køyrt inn til målområdet i Dale.

NB. Alle vekslingar skal skje på venstre side av vegen, altså løypesida. Ved mange av vekslingspunkta vil bussen sette dykk av på «feil» side av vegen på grunn av at det manglar utkøyrsler på venstre side.

Det betyr at de må opphalde dykk på utkøyrsla, på høgre side, fram til de ser lagkameraten nærme seg. Då må de sjå dykk om, på begge sider, før de kryssar vegen og stiller dykk opp på venstre side for å gjennomføre vekslinga. Under venting på lagkamerat må de passe på å ikkje stå i vegen for dei andre deltakarane av løpet.

Vidare kjem ei beskriving av kvar etappe.

1. STARTETAPPA: 1,9 km

Dette er første etappe som startar ved start, Liset i Riveldal. Etappa begynner på ei flate med Arnarsonstatua i aust. Frå statua og mot Hyllset går ei lang strekke med slak nedoverbakke. Frå Hyllset svingar vegen i ein krapp sving og ein startar på ein relativt tung bakke.

Vekslingspunktet ligg på motsett side av siste utkøyrsla før vegkrysset til den gamle ferjekaia.

Stafett 1

2. EIKENESBERGET: 2,3 km

Andre etappe vil gå frå Eikenes til Eikenesberget. Denne etappa byrjar med nedoverbakke før ei lita dump og overgang til stiging fram til toppen før Dalsfjordtunnelen. Tunnelen ligg i nedstiging.

Etter tunnelen er det litt over 700 m til neste veksling. Denne vekslinga skal skje ved ei lita utkøyrsle på venstre side. Meir beskrivande, punktet er lokalisert etter siste bekkefall på Eikenesberget ved byrjinga av ein skredvoll. Det er ei litt lita lomme å opphalde seg på, så ver litt ekstra varsam for å ikkje stå i vegen for andre løparar her.

Bussen vil både sette av og plukke opp deltakarane ved ei større utkøyrsle lenger aust, slik at før og etter veksling må de gå litt langs vegen mellom utkøyrslene.

Stafett 2

3. SYRA: 1,6 km

Tredje etappe er kortast i avstand, men likevel kanskje den mest utfordrande. Den begynner i botnen av ei til saman 900 m lang stiging. Så det kan vere lurt å varme godt opp før ein begynner på dette bakkeløpet.

På toppen av bakken står ein drikkestasjon der det serverast vatn og saft. Vidare skal same utøvar ta seg av ein god del av nedstiginga frå denne bakketoppen også.

Vekslingspunktet her vil skje ved ein foss langs vegen før ein har kome til enden av bakken. Her er det ingen utkøyrsle på verken høgre eller venstre side, så dette punktet skal markerast godt så det vert synleg. Bussen vil sette av og plukke opp deltakarar ved utkøyrsla like før Ottersteinstunnelen.

Stafett 3

4. OTTERSTEINSTUNNELEN: 2,1 km

Her bør ein velje ein deltakar som ikkje er redd for mørket for denne personen må ta seg av heile Ottersteinstunnelen. Dette er lang tunnel som strekker seg frå Storeberget til Ottersteinen.

Det denne etappen kan by på er at det er godt og kjølig der inne, noko som kan vere deilig i eit løp. Det er generelt lite stiging eller nedstiging inne i tunnelen, før ein byrja å nærme seg tunnelopninga, då stiger det opp mot Dalsfjordbrua.

Her vil siste veksling skje ved utkøyrsla på venstre side mot parkeringsplassen på Ottersteinen.

Stafett 4

5. DALSFJORDBRUA: 2,1 km

Sjarmøretappen. Vi har kalla denne etappen Dalsfjordbrua fordi den byrjar med å springe over brua, og fordi vi er så glad i denne brua. Men etappen endar ikkje på enden av brua. Siste deltakar må ta seg av dei siste 2,1 kilometrane heilt inn til mål i Dale sentrum.

Etter brua skal ein springe opp ein liten bakke til dei gamle tunnelane. Etter å springe igjennom tre små tunnelar i nedstiging kjem ein inn på Yksnebjørvegen. Her må ein etter kvart svinge seg inn på gangfeltet til Dalsvegen og springe i rett retning mot målområdet ved Firda Billag.

Her vert ein teke godt imot av eit jublande publikum.

Mål - Arnarsonmila